fredag 8. juni 2012

Aa kunde eg fara til Telemork


Siljes versjon:

Til helga so fær me til Telemork
        eg lengtar so fælt til det
Daa skal me faa vera med familien
        og vener som me er saa glade i
Til Telemork, dit stend mi Traa
        Til Skien by
        Melum og Solum
        Suttervika
        Ein liten tur innom Elset
        Og ein draum om å vitja Ulefoss Verk
Til helga so fær me sjaa! 

Eg vonar me fær mykje solskin
        og kan ete moreller slik so før
Vi hev so gode minner frå alle sommarane
        med familien i det vakre fylket
Til Telemork stend virkeleg mi Traa
        eg elskar kulturen
        bunadar og sylv
        gamle Herkules
        maalføret
        geografien
        men mest av alt alle menneskje
Om nokre timar so fær me sjaa!



Per Sivles versjon:
Til Telemork

Aa, kunde eg fara til Telemork
        og liva ei Sumarstund!
Der gror det Ryllik paa Stove-Tak
        og Songar paa Folkemunn.
Til Telemork, dit stend mi Traa
        til Gauksto-Fjell
        og til Vinje-Gjeld,
        til Rjukan sval
        og til Morgedal.
- Til Sumars so fær me sjaa!


Eg lengtar aa sjaa der dei kom ifraa,
        dei fyrste i Sverres flokk.
Dei valde aa berjast med næver paa Bein,
        til Daud eller Siger dei rokk.
Dei rokk det Maal, dei vilde naa.
        Og me stend her
        og halvlinga er.
        Eg tenkjer som so,
        naar Noreg vil gro:
til Sumars so fær me sjaa.


Eg lengtar aa sjaa der han Aasmund rann
        som Raun av den gamle Rot.
Eg lengtar aa sjaa, der han Jørund Skald
        gjekk fram paa sin Gjætar-Fot.
Eg vitja vil han Dyre Vaa
        og gjesta Troll
        inni Grunge-Koll
        og Raudberg-Nut,
        og so Storegut.
- Til Sumars so fær me sjaa.


Eg kjem meg vel eingong til Telemork,
        um inkje det vert iaar.
Og daa lyt det vera Sumar og Sol,
        og eller so Sol og Vaar.
Til Telemork, dit stend mi Traa,
        til Gauksto-Fjell
        og til Vinje-Gjeld,
        til Rjukan sval
        og til Morgedal.
- Til Aars - ja, so fær me sjaa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar